
I dag er det måndag.
Klokka var 06:30 då Nina Tvedt klarte å dra seg ut av den alltid så gode senga si. I den tru at ho skulle ha ein full dag på jobb.
På Backertunet.
Slik vart det ikkje. Nei, for den personen som eigentleg var sjukemeldt, viste seg å vere på jobb allikevel. Då vart det omstokk i planane. Så ho slo seg heller samen med Anne Guri og hjalp henne. Alltid kjekt med selskap. :)
Difor gjekk no dagen fort. Og varte kun fram til lunsj.
For då var det duka for møte. Eit møte som endte i ein klekkelig feriebonus og ei særs fornøgd Nina.
Oh, happy day! Difor sit eg no heime og ladar opp til pakking.
For i morgon står Bergen for tur, og på onsdag flyg eg om mine gode venar til varmare strøk. <3
Er ikkje livet herleg?
Jo.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar