onsdag 8. juli 2009

"SKA ME REISA HEIM KANSKJE?!!"

Eg reiste til syden.
Og kom heim att...


Du lurar kanskje på korleis det var?
Jo, no skal du høyre:

Klokka grytideleg vakna alle til liv i Gunnhilds leilighet. Alle utan om Ingeborg.
Taxi til Flesland og inn på fly. Til Oslo. -> Gran Canaria.
Framme på ettermiddagen, og tida for å innrede seg i leiligheten var komen.
Leiligheten som overraska samtlige av det aldri så gode reisefølget.
Kvifor det? Undrar du kanskje?

Eg hadde nemlig vist fram litt mindre tiltalande bileter av ein anna leilighet. Takk for lån av bileter o' store snuskete charterselskap på nett. I røynda var leiligheten vår superfin! 5-stjernes. Og den fall i smak hos alle samen. :)



Dagane gjekk som regel i å late seg på diverse strender/ ved basseng, for så å ete lunsj, etterfulgt av Sangria <3,>



I løpet av veka var me døden nær. Trøpadlebåt vs. GlassBottomFerry! :O Nesten overkjørt.
Ellers fekk me og oppleve nudistar på nært hold. Frilynte mennesker som helst vil bøye og tøye seg det dei kan og kanskje attpåtil gnikke seg inntil uskyldige forvilla ungdommar med latterkick.

Øyvind vart lakseraud, medan me andre nøyde oss med ein meir rødbrun variant.

Ellers slo me til og gjekk på marked. Då slo det meg at me søren meg ikkje var langt i frå Afrika. For der solgte de omtrent dei samme tinga ein kunne finne på marked i Sør-Afrika! :O
+ masse anna juggel.



Me storkoste oss i alle fall, og fekk feira litt 20-årsdag. :)



Takk for turen vakre mennesker! <3




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar